Postadresse
Jotunfjell Fjordane Elghundklubb
v/ Per Inge Solvang
6734 Rugsund

E-post
Tlf 57794200
Mobil 412 33 925

Våre sponsorar

Medlemsrabatt
Wadsten as gjev 20% rabatt på varer i onlinekatalogen til Härkila

Søk

Ikon Søk

 

Velkommen til Jotunfjell Fjordane Elghundklubb 

Jotunfjell Fjordane Elghundklubb er ein områdeklubb under Norsk Elghundklubbers forbund. Klubbens aktivitetsområde er kommunane Sel (vest for Lågen), Vågå og Lom i Oppland og område mellom Sognefjorden og Romsdalsfjorden på Vestlandet.

Målsettinga for klubben er å arbeide for at vi, ved systematisk avl, skal få fram det beste eksteriør og jakteigenskapar hjå våre 9 elghundrasar, slik at de blir best mogelege jakthundar.



Nyhetsarkiv

LAUSHUNDKURS I VÅGÅ

Artikkelbilde

Den praktiske delen av laushundkurset vi arrangerte i Vågå 24. januar vert på Jotunheimen Feriesenter helga 27. - 29. august. Dette ligg 4 km frå Randsverk mot Heidal. Vi startar opp fredag kveld kl. 19.00 med ein liten gjennomgang av det vi prata om på teoridelen og planlegging av laurdag og søndag ute i terrenget med hundar. Vi kan ikkje rekne med at alle vil  få prøvd hundane, men reknar med å kunne sleppe 4-5 hundar kvar dag. Det vert lagt opp til felles grilling på laurdag kveld. Dei som vil delta på det må ta med grillmat.
For dei som treng overnatting er det nokre  ledige hytter som kvar enkelt kan bestille på telf. 61234950.
Eventuelle spørsmål kan stillast til Pål  91332501 eller Jan 91542600.
Håper at alle deltakarane kan møte, og ynskjer velkomne til ei triveleg og lærerik avslutning på kurset.
 

15. aug, 2010

INFO FRÅ LAUSHUNDKOMITÈEN. Veiledning - Dommarkompendie

Laushundkomitèen i NEKF oppmodar områdeklubbane til å bruke desse på kommande dommarsamlingar.

29. jul, 2010

Les mer

NY BANDHUNDDOMMAR

Jotunfjell Fjordane Elghundklubb har no fått ein ny dommar. Egil Skogum frå Lalm er no autorisert bandhunddommar. Han er frå før autorisert på viltspor.
Klubben Gratulerer!!

21. jul, 2010

ORKDALPRØVA 2010

Artikkelbilde

Jotunfjell Fjordane Elghundklubb med kjempefin plassering på Orkdalprøva.
Sør-trøndelag Elghundklubb arrangerte ein vellukka samlaprøve for bandhund 17. -18. juli. Egil Skogun med Grytosens Bju gjekk til 1.premie begge dagar, med 81 poeng første dag og 85 poeng andre dag. Dette holdt til 3. plass på laurdag og 2. plass søndag. Av 19 startande ekvipasjar vart dette ein fin 3. plass samanlagt etter 2 dagar.  Grytosens Bju har no oppnådd kravet til Norsk Jaktchampion Band.
GRATULERE!!

20. jul, 2010

Les mer

Dressurkurs i Nordfjord 19.-20.juni

Artikkelbilde

Jotunfjell Fjordane Elghundklubb arrangerte dressurkurs i Rugsund 19. - 20. juni.
Kursdeltakar Gaute Aamlid frå Ørskog har sendt oss denne fine reportasjen frå kurset.

08. jul, 2010

Les mer

TID FOR BANDHUNDPRØVE

Artikkelbilde

Frå og med i dag er det muleg å gå bandhundprøve. I tillegg til våre prøveterreng i Ottadalen har vi fleire gode prøveterreng i Hornindal/Markane og Bremanger.
Ta kontakt med Egil Skogum snarast for påmelding, telf. 95147325 eller e-post: erun-sk@online.no  Det er òg muleg å få instruksjon og veiledning av rutinerte bandhundførarar om nokon har behov.

01. jul, 2010

NM-Laushund 2010 - Uttak

Vår deltaker på NM-Laushund er no teken ut.
Jon Reidar Stormyrengen med Herravare Minna var den som best kvalifiserte seg til årets NM-Laushund.
Arne Fossmo med AF Elgkronas Bamse er teken ut som reserve.
Jotunfjell Fjordane Elghundklubb ønskjer LYKKE TIL!
Klubben stiller med dommere i prioritert rekkefølge: Pål Vestrås, Paul Øien. Jan Skogen.
Link til arrangørklubben heimesida:
http://82.147.37.156/nm2010/ 

01. jul, 2010

MEDLEMSTALET I STERK VEKST

Artikkelbilde

Talet på medlemmar i Jotunfjell Fjordane EHK har siste halvåret økt frå 149 ved årsskifte til 165 i dag. Dette må seiast å vere svært gledeleg. Vi håpar å kunne forsette med eit høgt aktivitetsnivå vidare.
Det er svært viktig for våre medlemmar at vi har gode aktivitetar å tilby. Målet må vere å runde 200 i løpet av neste år.

30. jun, 2010

Grå elghundkvalper til salgs

Artikkelbilde

30. jun, 2010

Les mer

Bandhundkurs i Eikefjord - Reportasje

Artikkelbilde

Jotunfjell Fjordane Elghundklubb arrangerte bandhundkurs i Eikefjord 26.-27. juni.
Kurset vart svært godt motteke av dei 14 deltakarane, dei fleste med eigen hund.

30. jun, 2010

Les mer

DOMBÅSUTSTILLINGA 2010

Katalog med premieliste er no tilgjengeleg.
Sjå bildealbum ved å trykkje på knappen "bilder" til venstre på sida.

29. jun, 2010

Les mer

Utkast til nye uttaksregar NM

UTKAST TIL UTTAKSREGLER FOR NM LØS- OG BANDHUND Arbeidsutvalget som Forbundsstyret har satt ned for å revidere gjeldende Uttaksregler for NM Løs- og Bandhund, ønsker med dette å gjennomføre en høringsrunde hos områdeklubbene. Dette for å få innspill som utvalget kan arbeide videre med frem til de har et endelig forslag som skal legges frem for Forbundsstyret til godkjennelse. Vedlagt denne meldingen ligger utkastet som er grunnlaget for høringen.   Frist med tilbakemelding er satt til 15.9.2010, men innspill mottas gjerne før.   Tilbakemelding og innspill sendes, enten pr. e-post eller som vanlig post, til: Per Inge Solvang,6734 Rugsund,
e-post: ing-solv@online.no 

08. jun, 2010

Les mer

TERMINLISTE VÅRE PRØVER 2010

Artikkelbilde

Her finn du terminliste over prøver i Jotunfjell Fjordane EHK 2010.

01. jun, 2010

Les mer

MEDLEMSBLAD for Jotunfjell Fjordane Elghundklubb

Bladet "Forsete nytt" er no sendt ut på e-post til alle våre  medlemmar som vi har adresse til. Vi ber om at dei som ikkje har motteke det på sin e-post melder tilbake pr. e-post, slik at vi då har riktig adresse. Ellers er det fint om de hjelper til å spre info om bladet og gjerne sender det vidare til dei som ikkje har fått det. Det kan òg vere ein måte å verve aktuelle hundeeigarar/jegerar til medlemmar i klubben.

25. mai, 2010

Les mer

Resultatliste frå Vestlandsutstillinga 2010

Artikkelbilde

Resultatliste frå utstillinga i Sogndal 22.mai 2010

23. mai, 2010

Les mer

Jotunfjell Fjordane EHK gratulerer Årets Jakthund 2009

Jotunfjell Fjordane Elghundklubb gratulerer Oddvard Andersrød med NUCH  NJ(B)CH Zoro 10620/07 med utmerkelsen ÅRETS JAKTHUND 2009.

20. apr, 2010

NKK`s etiske retningslinjer for hundehold

19. apr, 2010

Les mer

Championat 2009

Dei som har oppnådd Championat i 2009 må sende melding om dette til styret snarast. Skjold må bestillast omgåande for utdeling på Årsmøte.

07. jan, 2010

NM-bandhund 2009

Artikkelbilde

"Pei Fang Siko" til Andres Solvik med beste NM-plassering i Jotunfjell Fjordane EHK si historie.

Gratulerer hund og førar med kjempegod prestasjon!

06. jan, 2010

Les mer

Norsk Vinner

Artikkelbilde

Klubben Gratulerer!

03. jan, 2010

Les mer



Tilbake